Kva skjer i Brokke?
Her samlar me arrangement og aktivitetar i Brokke, både for fastbuande, hyttefolk og besøkande. Klikk deg inn og les meir.
Vinteraktivitetar i Brokke
Vinteren i Brokke byr på langt meir enn berre alpint. Her kan du gå milevis i langrennsløypene, utforske lysløypa i den blå timen, prøve isklatring i bratte fjellsider eller ta del i tradisjonsrik jakt i stille vinterterreng. Uansett tempo og nivå finn du aktivitetar som gir både energi og ro i kroppen.
Sjå vinteraktivitetar.avif)
Lær deg nye teknikkar, få ein trygg start på ski eller finjuster ferdigheiter du allereie har. Våre erfarne instruktørar hjelper både barn og vaksne – frå heilt nybyrjar til vidarekommen. Her er fokus på meistring, tryggleik og ekte skiglede.

Eit leikande, sosialt og lærerikt tilbod for barn frå 6 til 12 år. I Brokkieklubben får barna køyre saman, øve på grunnleggande teknikk og ha det gøy i bakken – alltid i trygge rammer og med flinke instruktørar som legg til rette for gode opplevingar.






