Sesongslutt i Brokke Alpinsenter

Helga 11.–12. april blir den siste opningshelga for alpinsenteret denne vinteren, og dei som vil få med seg dei siste dagane i bakken, har framleis sjansen. Opent klokka: 10 - 17.

Men sjølv om alpinsesongen nærmar seg slutten, er det framleis meir å sjå fram til i Brokke. Helga 18.–19. april er det planlagt bakkeløp med scooter – eit arrangement publikum verkeleg bør få med seg.

For dei som heller vil nyte fjellet i eit rolegare tempo, blir langrennsløypene køyrde opp så lenge forholda gjer det mogleg.