Brokke Aktivitetspark

Familievenleg aktivitetspark med roleg stemning, varierte uteaktivitetar og opplevingar for både små og store gjennom heile sommaren.

Aktivitetsparken i Brokke er ein sosial og levande møteplass i sommarsesongen, midt i storslått Setesdalsnatur. Her kan heile familien vere i aktivitet saman – eller kvar for seg – med tilbod som minigolf, frisbeegolf, pumptrack, rulleskiløype og kafé. Området er tilrettelagt for både leik, trening og rolege pausar i sola.

Ein naturleg pause
Kaféen i Brokke er ein triveleg stad å lande mellom aktivitetane – året rundt. Her kan du ta ein roleg pause med noko godt å ete, og enkelt leige utstyr til opplevingar som sykkel, klatring, minigolf, fotballgolf og frisbeegolf.

Åpen frå kl. 12-18 kvar onsdag/laurdag.

Takeaway kan bestillast på 488 40 568.
Utleige av utstyr

Lei utstyr i Brokke og få meir ut av dagen. Pumptracken byr på leik, flyt og fart for både barn og vaksne, medan nærområdet og fjellet rundt innbyr til fine sykkelturar i variert terreng. Ei enkel og morosam måte å vere i aktivitet ute – anten du vil halde deg nær parken eller utforske meir.

Pumptrack

Den nye pumptracken på Brokke er bygd på eit om lag 2000 m² stort område, med ein asfaltert køyrebane på rundt 700 m². Bana har ei enklare linje som passar for nybyrjarar og dei minste, og ei meir teknisk linje med fleire element for dei som vil ha meir utfordring. Her kan alle vere med, uansett nivå – og bana kan brukast med BMX, vanleg sykkel, skateboard, sparkesykkel og meir.

Book sykkel
Stisykling

Brokke og Valle byr på mange fine stiar for stisykling, både for nybyrjarar og meir erfarne syklistar. Dei fleste løypene kan syklistast med vanleg terrengsykkel med demping. Løypa i Berg i Valle er eit unntak og eignar seg best for dei som har litt meir erfaring.

Book sykkel
Frisbeegolf

I lysløypa på Brokke finn du ein flott 18-hòls frisbeegolfbane, og ved skisenteret er det sett opp ei eiga korg der du kan øve før du tek turen i løypa. Du kan leige startsett hos oss – perfekt for nybyrjarar – med tre diskar: putter, midrange og driver. Diskane kan hentast i kaféen i opningstida.

Book disker
Minigolf

Brokke har no ein stor og flott 9-hols minigolfbane, plassert på grøntområdet mellom den nye kaféen og pumptracken. Du kan bestille tid her eller i kaféen. Køller og ballar kan hentast i kaféen i opningstida.

Book her

Sommaraktivitetar i Brokke

Sommaren i Brokke byr på eit mangfald av aktivitetar i frisk fjelluft. Prøv minigolf i trivelege omgjevnader, test presisjonen i frisbeegolf-løypa eller kjenn farten i pumptracken. Rulleskiløypa gjev gode treningsmoglegheiter for både nybyrjarar og erfarne, medan kaféen er ein naturleg samlingsplass for ein kaffikopp, is eller noko lett å bite i. Her finn du aktivitetar som passar alle aldrar – uansett om du vil vere i full fart eller ta dagen i eit roleg tempo.

Sjå sommaraktivitetar