Om Brokke

Ein heilårsdestinasjon for både små og store opplevingar

Brokke er eit allsidig fjellområde som byr på opplevingar året rundt – frå familievenlege turar og leik, til trening, alpint og toppturar i høgfjellet. Området ligg berre to timar frå Sørlandskysten og er eit populært reisemål for både barnefamiliar, ungdom og aktive friluftsfolk.

Eit populært alpinanlegg for alle nivå

Brokke Alpin har 6 nedfartar og 4 heiser – éin stolheis, to trekk og eit barneband. Anlegget er eit populært mål for både vaksne og born. Parken blir stadig vidareutvikla og er i dag eit ynda samlingspunkt for ungdom.

Brokke Alpinsenter
Fjellopplevingar rett utanfor døra

Brokke har over 5 mil med oppkøyrde langrennsløyper som strekkjer seg frå hyttefelta og langt inn i høgfjellet. Her finn du løyper som passar både for ein kort familietur og for lengre treningsturar.

Sjå vinteraktivitetar
Rulleski, sykling og fjellvatn

I 2022 fekk Brokke både ei ny rulleskiløype på 2 km og ein stor og flott pumptrack. Om sommaren er det òg mogleg å ta turen langs elva og finne kulpar i ulike former og storleikar – frå rolege små badekar til naturlege sklir og hopp for dei meir vågale.

Sjå sommaraktivitetar
Våre fasiliteter
6 turløyper
230+ klatreturer
4 vandreturer
3 badeplasser
6 nedfarter
5 mil oppkjørte løpter
4 skiheiser
Kun to timar frå Sørlandskysten
Sjå på kart

Overnatting

Brokke er ein attraktiv stad å overnatte, med sentral plassering i Setesdal og gode forhold året rundt. Her finn du fleire ulike overnattingsmoglegheiter, tilpassa både korte opphald og lengre feriar.Sjå oversikt over kvar du kan bu i Brokke.

Les meir
Brokke AS

Kontakt Brokke AS for spørsmål om aktivitetar, marknadsføring og generelle førespurnader om Brokke.

Brokke Alpinsenter

Brokke Alpinsenter driftar alpinanlegget. Ta kontakt for spørsmål om heisar, nedfartar og opningstider.

Brokke Aktivitet AS

Brokke Aktivitet AS har ansvar for brøyting, parkering og formidling av jakt og andre tenester i Brokke.

Brokke Eigedom

Brokke Eigedom utviklar og sel hyttefelt i Brokke. Kontakt dei for spørsmål om tomter og hytteutvikling.

Våre partnarar