Vi ønskjer dykk alle velkomne til Brokke i helga.

Vi ønskjer dykk alle velkomne til Brokke i helga. Det har kome ein del nysnø, sjølv om det har vore veldig mildt dei siste dagane.
Brokke Alpinsenter er ope fredag klokka 12–20, og laurdag og søndag klokka 10–16. Kaféen og utleiga er opne på same tidspunkt.
Denne helga går dessverre ikkje stolheisen på grunn av mangel på ein reservedel, men t-trekket tek dykk heilt til topps.
Det er meldt svak vind fredag og laurdag og om lag 1 minusgrad, så her skal forholda bli gode.
Nistebui er open for servering frå klokka 13 på laurdag, og så inviterer vi til musikkbingo klokka 19, samt livemusikk utover heile kvelden. Sjå eige arrangement på nettsida vår for meir informasjon om dette.
Dette blir ei gøyal helg i Brokke. ❄️⛷️🎶
