Velkomen til vinterferie i Brokke!

I veke 8 ønskjer vi velkomen alle frå Sørlandet og Austlandet som har vinterferie. No er det kjempefine forhold i Brokke, og neste veke er det meldt både sol og snø, minusgrader og lite vind.

Mange mil med langrennsløyper ligg klare for deg, og Brokke Alpinsenter har knallgode forhold i bakken. Oppdaterte skispor finn du her: www.løyper.net.

No er det berre å gle seg! Alpinsenteret har ope kl. 10–16 alle dagar, med kveldsopent til kl. 20 torsdag og fredag. Kafeen følgjer opningstidene til alpinsenteret.

Vi minner òg om musikkbingo i Nistebui laurdag 14. februar – og ikkje minst at vi får besøk av heile 9 artistar frå ONSDAGSBANDET laurdag 21. februar. Her blir det liv og røre og mykje folk. Hugs å kjøpe billett før det blir utselt – sjå eige arrangement for kjøp av billettar.

Velkomen til Brokke i vinterferien! Vi skal gjere alt vi kan for at du får ei fin ferie.