Velkomen til fjells helga 17.–19. april.

Velkomen til fjells helga 17.–19. april. Vi avsluttar vintersesongen med BAKKEDRAG i bakken ved Brokke Alpinsenter. Dette er eit svært publikumsvenleg arrangement, i regi av Hylestad snøscooterklubb, og det er gratis inngang.

Det går fleire renn utover dagen, og første rennstart er klokka 10 føremiddag. Kaféen vil vere open frå 10 til 17 laurdag og sundag. Nistebui opnar for servering frå klokka 13.

For dei som ønskjer å ta ein lengre skitur, er det framleis moglegheiter i skiløypene våre. Du finn oppdateringar direkte på nettsida vår ved å trykkje på «skiløyper»-ikonet.

Laurdagskvelden blir avslutta med livekonsert med Johnny Sandåker i Nistebui. Her opnar dørene klokka 20.30, og det blir fullt trøkk heilt fram til klokka 01.

Vi håpar flest mogleg vil vere med på å avslutte vintersesongen denne helga i Brokke. Velkomen skal de alle vere!