Takk for en fantastisk påske!

Takk for en fantastisk påske - og meir skiglede i vente

Påska har bydd på fine dagar, god stemning og mykje aktivitet i Brokke, og alpinsenteret vil gjerne rette ei stor takk til alle som har vore innom i høgtida.

I tillegg til fin familietid, venebesøk, hyttekos og skiglede, har vi også kosa oss med påskeeggjakt, barnas afterski, afterski for vaksne, 80-/90-talsfest og påskeaftanfest. Det har verkeleg vore mykje liv og røre, og alt tyder på at folk har kosa seg storveges i Brokke denne påska.

– Vi vil rette ei stor takk til alle besøkjande, fastbuande og hyttefolk som har lagt turen til Brokke i påska. Det har vore ei flott høgtid, og vi set stor pris på engasjementet og den gode stemninga de har bidrege til å skape her oppe..

Samtidig går sesongen no inn i innspurten. Helga 10.–12. april blir den siste opningshelga for alpinsenteret denne vinteren, og dei som vil få med seg dei siste dagane i bakken, har framleis sjansen.

Men sjølv om alpinsesongen nærmar seg slutten, er det framleis meir å sjå fram til i Brokke. Helga 18.–19. april er det planlagt bakkeløp med scooter – eit arrangement publikum verkeleg bør få med seg.

For dei som heller vil nyte fjellet i eit rolegare tempo, blir langrennsløypene køyrde opp så lenge forholda gjer det mogleg.

Brokke ligg dermed framleis til rette for fleire fine vårdagar i snøen.

Velkomen til Brokke!