Oppdatert info om snøproduksjon

Oppdatert 21.12.25:

Vi får mange spørsmål om kvifor Brokke Alpinsenter ikkje har sett i gang snøproduksjonen igjen, sjølv om vi har hatt om lag 24 timar med nokre få minusgrader.

Vi er trygge på at både hyttefolk og lokale veit kor sterkt Brokke-teamet brenn for å skape gode og stabile skiforhold. Samstundes er snøproduksjon ei fagleg krevjande oppgåve, der fleire faktorar må vurderast fortløpande av driftsavdelinga.

Det siste døgnet har temperaturen lege mellom 2 og 4 minusgrader. Samstundes har luftfuktigheita vore særs høg. Dette er uvanleg hos oss, men høg luftfuktigheit kombinert med marginal kulde gjer at snøkanonane ikkje produserer snø – i praksis kjem det berre vatn ut av anlegget. Under slike forhold vil snøproduksjon vere fagleg uforsvarleg og kunne føre til skade både på underlag og anlegg.

Difor har driftsavdelinga i dag prioritert å flytte og optimalisere snøen som allereie er produsert, for å sikre best mogleg forhold der det let seg gjere.

Det er meldt lågare temperaturar natt til tysdag, og dersom luftfuktigheita samstundes stabiliserer seg, vil vi igjen kunne setje i gang snøproduksjon. Vi bør då oppnå rundt minus 6 grader eller kaldare om natta.

I fjor var vi den første destinasjonen i heile Setesdal som kunne tilby ferdig preparerte langrennsløyper allereie 22. november. Det viser tydeleg at både langrenn og alpin er høgt prioriterte område for oss – til glede for både hyttefolk i Brokke og fastbuande i Valle.

Gjennom mange år har driftsmannskapet vårt fått svært gode tilbakemeldingar på kvaliteten på både langrennsløyper og alpinbakke. Vi håpar difor de har tillit til at vi gjer dei rette faglege vurderingane, sjølv i ein sesongstart som er krevjande for nær sagt alle skidestinasjonar.

Vêret rår vi diverre ikkje over, men vi har stor tru på at forholda vil betre seg. Som kjent varierer sesongstarten mykje frå år til år.