No opnar Suleskarvegen

No opnar Suleskarvegen

21.mai opnar Suleskarvegen igjen, og ein av dei flottaste fjellovergangane i Sør-Noreg er klar for vår - og sommarsesongen. Vegen bind saman Setesdal og Sirdal, og byr på høgfjell, vakker natur og storslåtte utsyn.

Vegen har røter langt tilbake i tid. Før det kom bilveg, var fjellet ei viktig ferdselsåre mellom dalane, brukt av folk som skulle handle, besøkje kvarandre eller flytte buskap. Suleskar fekk bilveg i 1932, og seinare vartdet bygd anleggsvegar i samband med kraftutbygginga i området. I 1990 vartvegen opna vidare mot Setesdal, slik at dagens Brokke–Suleskarveg vart ein realitet.

Idag er Suleskarvegen både ei praktisk ferdselsåre og ei populær oppleving for turistar, hyttefolk og fastbuande. Når vegen opnar 21. mai, er det for mange eit sikkert teikn på at vår og sommaren i fjellet snart er i gang.

(Foto: Arkiv)