Melding frå løypekøyrar Uppstad

I dagane framover vil det bli noko avgrensa oppkøyring av langrennsløypene. Dette kjem av at det er svært mildt i fjellet, og vi må spare mest mogleg på sålen vi har i løypene, slik at vi får gode forhold i påska. Vi håpar at nedbøren som kjem natt til fredag vil kome som snø i naturen. Det vil i så fall vere optimalt. Planen no er å køyre opp løypene tidleg om morgonen framover, men det kan bli avgrensa til delar av løypenettet. Vi håpar på forståing for at løypekøyrar Uppstad vurderer situasjonen dag for dag.