Me opnar den fyrste langrennsløypa laurdag 21. november!

Fredag 20.november: GLADNYHEIT FRÅ BROKKE!

Me har fantastiske nyheiter til alle skiglade!

Løypekøyrarane våre set inn ekstra ressursar i natt for å få preparert lysløypa/rulleskiløypa til opning allereie laurdag 21. november! ⛷️

Det er den lengste sløyfa, den nedste delen av løypenettet, som opnar denne helga!

Som me gler oss til å ønskje dykk velkomne til sesongens fyrste skitur!

Den herlege kafeen vår er open kl. 12–18 både laurdag og sundag!

VIKTIG INFORMASJON OM TRYGGLEIK

Me minner om at det er strengt forbode for både born og vaksne å ferdast i hovudløypa i slalåmbakken.

Her blir det produsert snø gjennom heile helga, og området er å rekne som eit anleggsområde. Snøkanonane arbeider med svært høgt vasstrykk, og det er viktig å halde god avstand av omsyn til tryggleiken.

Takk for at de respekterer dette!

Velkomen til ein ny og herleg skisesong i Brokke!

‍