Kulpane i Faråni er no open!

Kulpane er opne igjen
Frå 23. juni til 6. juli 2026 har kulpane vore stengde for ferdsel og bading på grunn av nødvendig vedlikehald og oppgraderingsarbeid ved dam Farå i Valle.
Arbeidet som påverka ferdsel og bading er no ferdig, og området er igjen ope for besøkande.
Vi i Brokke ønskjer dykk velkomne til ei fantastisk badeoppleving i kulpane – midt i hjartet av Setesdal.
Vi minner om at tryggleik alltid må kome først. Når ein badar i området, bør ein alltid vere minst to personar til stades. Dersom alarmen går, må alle straks forlate området. Alarmen vil berre gå dersom det plutseleg oppstår fare for høg vassføring eller ei flaumbylgje nedover elvefaret.
Tryggleiken ved dammen er oppgradert
Tryggleiksnivået ved dam Farå er no oppgradert i tråd med dagens forskriftskrav. Arbeidet har mellom anna omfatta forsterking av betongdammen med eit ekstra lag betongstøyp, ny steinplastring på steinfyllingsdammen og oppgradering av luker og teknisk utstyr.
Tryggleik har hatt førsteprioritet gjennom heile arbeidet.
Fakta om oppgraderinga
Oppgraderinga har ein investeringskostnad på rundt 25 millionar kroner og vil bidra til å forlengje levetida til dammen med om lag 70 år.
Arbeidet er også viktig for å sikre at dagens produksjon i Brokke kraftverk kan haldast oppe i åra framover.
Prosjektet starta i januar og er ein del av Å Energi Vannkraft sine planar om å investere rundt 11,5 milliardar kroner i eksisterande anlegg og utvikling av nye, lønsame kraftprosjekt fram mot 2035.
