Ei storarta helg i Brokke!

Dette blir ei storarta helg i Brokke!
Helga frå fredag 9. januar til og med søndag 11. januar 2026 ligg alt til rette for nokre herlege dagar på fjellet. Vêrmeldinga lovar lite vind, lett overskya vêr og fine minusgrader – perfekte forhold for vinterglede.
Rulleskiløypa på 3 km blir preparert kvar dag med doble klassiske spor og skøytespor. I tillegg har løypekøyrar Uppstad køyrt opp både den gamle lysløypa, Suleskardvegen og vegen inn til Evardalen. Dette gir eit breitt og variert løypenett, med mange moglegheiter for både korte og lengre turar.
Brokke Alpinsenter held ope både laurdag og sundag frå klokka 10.00 til 16.00, og kafeen er sjølvsagt open i same tidsrom.
Vi ønskjer dykk alle ei riktig god helg i Brokke – velkomen til fjells!
