Bli kjend med Dag Willy, den nye driftsleiaren

Bli kjend med Dag Willy, den nye driftsleiaren ved Brokke Alpinsenter.

Det er ein travel sundag i november på Brokke Alpinsenter. Dag Willy Rasmussen hoppar av firhjulingen, dekt av snø frå topp til tå. Under snøen skimtar vi eit andlet med eit skjegg i fleire nyanser.  Den nye driftsleiaren vår er i full sving med å gjere bakkane klare til ein ny sesong.

– Det tek vel ikkje så lang tid? spør han med eit breitt smil. – Eg er jo midt i opplæringa og må bruke kvart minutt godt.

Dag Willy er fødd i Skien, men flytta til Evje som ungdom og gjekk på Evje ungdomsskule. Han arbeidde ved fleire skianlegg før han tok utdanning i Forsvaret. Der fekk han oppdrag rundt om i verda, mellom anna som rådgjevar innan risikovurdering. Han arbeidde òg med kritisk infrastruktur.

Då han slutta i Forsvaret i 2024, vende han tilbake til skibakken. Dei siste to åra har han vore med på å drive Rauland Skisenter. No er det bakkane på Brokke han skal bli kjend med.

Kva likar du å gjere når du har fri?

– Eg likar mykje forskjellig, men skal eg trekkje fram éin ting, må det vere å halde meg i god form. Då er jo denne jobben midt i blinken!

Kva vil du leggje vekt på som driftsleiar på Brokke?

– Vêret rår vi ikkje over, men eg skal gjere mitt for at alt fungerer i anlegget, og at vi legg godt til rette for hyttefolk, fastbuande og tilreisande. Eg elskar å leggje til rette for at dei som kjem på besøk, skal få ei så god oppleving som mogleg. No har vi hatt ein skikkeleg god periode for snøproduksjon, og vi lagar rikeleg med snø medan vi kan. Vi er mange flinke folk i driftsteamet, og eg er trygg på at vi saman skal få til så gode forhold i bakken som mogleg.

Vi ønskjer Dag Willy lukke til før han skundar seg tilbake til snøproduksjonen. Der går arbeidet døgnet rundt, med driftsteamet fordelt på tre skift.

‍