Kulturpatrulja - spel og dans ved Brokke Alpinsenter

Vi får besøk av Kulturpatrulja ved Brokke Alpinsenter måndag 13. juli klokka 14.00!

Kulturpatrulja er etablert for å bringe ekte setesdalskultur med stev, spel og dans ut til folket i sommarsesongen. Her møter du unge, lokale musikarar med glimt i auga og stor formidlingsglede.

Tiltaket vart starta etter initiativ frå Visit Setesdal, med økonomisk støtte frå Setesdalsmuseet. Folkemusikkutøvarane turnerer rundt i dalen frå slutten av juni til byrjinga av august.

Kulturpatrulja er organisert som ein sommarjobb for ungdommane, samtidig som dei får opplæring i å formidle sin eigen tradisjon. Setesdalstradisjonen står no på UNESCO si liste over immateriell kulturarv.

Setesdalsmuseet er arbeidsgjevar og organisator for tiltaket.

Konserten varer i om lag ein halvtime, er open for alle og heilt gratis.

Dette er eit eineståande høve til å få eit lite glimt inn i den levande setesdalstradisjonen. Velkomen!