Fakkeltog i vinterferien

Fakkeltog i vinterferien – 19. februar, klokken 20

Tradisjonen tru inviterer me til fakkeltog under kveldskøyringa. Faklar kan kjøpast på førehand i kafeen for 30 kr.

Kl. 20.00 samlast me på toppen av bakken, og toget startar derifrå. Me ber alle følgje toget samla nedover bakken – jo fleire me er, desto betre vert stemninga.

Har du ikkje ski, kan du gjerne sjå på frå botnen. Det er eit flott syn!

For dykk som har hytte på toppen, køyrer trekket etterpå slik at de kjem dykk opp att.

Det vert bålpanner på toppen, og vaksne vil vere til stades for å hjelpe med tenning og sørgje for ei trygg gjennomføring. Me prøver å halde toget samla heile vegen ned bakken.