Via Ferrata
- i Valle kommune har me tre Via Ferrataer
Via Ferrata i Brokke
Familievennlig Via Ferrata rute i Løefjødd
Ta med familien på ein fantastisk opplevelse dei aldri vil gløyme!
Med utsikt over Brokke Alpinsenter har Løefjødd vært populært blant klarere i mange år. Løefjødd er kjent for sine lange, alpine ruter med varierande graderingar.
Sommaren 2016 vart det sett opp ei via ferrata rute i Løefjødd. Den vart bygd av Børre Bergshaven. Via ferrata betyr jernveg, då det er jernsteg heilt opp. Klatrarane er også – til ein kvar tid – festa til fjellet ved hjelp av ein stålkabel.
Denne via ferrataen er perfekt for familiar og nybyrjarar, og et eigna for barn frå 6 år og oppover. De som ikkje ynsjer å klatre kan i stadet fylje den merka turstien til toppen av fjellet, på 934 m.o.h. Husk å ta med badetøyet på varme sommardagar. Omtrent 100 meter frå toppen er det et lite vann kor du kan ta ein liten symjetur, enten du har klatra eller gått.
Via ferrataen har en lengde på omtrent 450 meter og tar 1-2 timer å fullføre. Turen ned til Løefjell hytteområde tar ca. ein halvtime.
BESTILL GUIDA TUR:
Vi tilbyr i år guida tur som passar for alle over 10 år. Klatreruta er om lag 450 meter lang, og sjølve turen tek mellom 1–3 timar frå du startar i botnen. Ver merksam på at guide må bestillast seinast klokka 20.00 dagen før.
BESTILL HER: (trykk på lenkja)
- Bestill guide: GUIDET TUR
- Bestill klatregebyr: Klatre gebyr
- Bestill utstyr: Bestill utstyr
Via Ferrata Nomelandsfjell
Nord-Europas mest spektakulære Via Ferrata på sva.
- ruta er lang, har stor høydeforskjell, en fantastisk utsikt mot Valle sentrum og nedover det vakre dalføret...
Det spektakulære Nomelandsfjell hever seg majestetisk på vestsida av elva Otra. Det glattskurde fjell betyr for deg “rein” klatring utan steinsprut, jord eller mose. Suveren utsikt og en mektig høgdeoppleving frå du begynner turen til du er på toppen. Vakrare blir det ikkje! Parkering, instruksjon, start og ankomst i Valle sentrum. Utstyr & guide.
Fædrelandsvennen; …”— Denne ruta har nokre av Nord-Europas lengste svaruter, glatt svaberg, med svært liten fare for steinsprang. Ruta er lang, har stor høgdeforskjell, en fantastisk utsikt mot Valle sentrum og nedover det vakre dalføret….”
Lyst på ein fantastisk oppleving i vakre omgjevnader i nasjonalromantiske Valle i Setesdal i vår/sommar? Reis en gjeng eller ta med deg kjærasten på ein uforgløymeleg oppleving! Klatre Via Valle Ferrata i Nomelandsfjell eller lær deg sportsklatring samen med Bratt Friluftsliv! Storslagen, rein klatring i eit av Nord Europas mest spektakulære sva for klatresport! Turen til topps i Via Valle Ferrata, byr på vertikal panorama frå første steg, og klatreglede for hele følget! Book nå!
BESTILL HER: Brattnorge.no/Nomelandsfjell/Valle
Via Ferrata Straumsfjellet
- dette er ei spektakulær klatreløype for alle, enten du er erfaren eller aldri har prøvd før.
Via Ferrata Straumsfjellet vart laga i 2014 av Børre Bergshaven og opna 12. juni 2015. Den er utstyrt med en 1,5 km lang stålkabel og jerntrinn i de brattaste partia.
DEN ER NOREGS LENGSTE VIA FERRATA!
Fritt oversett frå italiensk betyr Via ferrata «Jernveg» eller «Jernsti» og er ein fantastisk måte å oppleve nye høgder på! Via ferrata er eit namn på klatreløyper utstyrt med stålkablar, jerntrinn, stiger og bruer. Dette gjør det til att folk flest kan gå klatreløypane, sjølv utan erfaring. Det er eige klatreutstyr til en via ferrata-løype og dei fleste tilbyr guida tur.
Via ferrata Straumsfjellet i Valle kommune er 1,5 kilometer lang og har 550 høgdemeter. Ruta er Nord Europas lengste og mest spektakulære. Turen startar ved Helle camping. Der blir de møtt av guiden og får utdelt klatreutstyr og gjennomgåing av sikkerheitsrutiner. Me køyrer båt opp elva og går ca. 10 minutt inn til fjellveggen. Det tar 6-8 timar å gå heile løypa.
Vandringa ned frå fjellet tar rundt 1 time og er i bratt terreng. Turen krever solide fjellsko, litt mat og drikke i sekken og ei god jakke til toppen dersom det blir vindfullt. Turen passer for folk som er i god fysisk form og som toler høgde godt. Denne ekslusive turen kostar kun 1690,- person inkludert guide og utstyr. Det er plass til 8-12 personar per guida gruppe og gjennomførast kvar sundag frå juni til august.
Tur må du booke på Helle camping: https://hellecamping.no/booking.html.




