Stisykling
- Vi har fleire fine sykkelstier rundt om i kommunen. Uansett om du er nybyrjar eller erfaren på feltet vil du finne ei løype som passer deg. Nesten samtleg av løypene let seg gjennomføre med vanleg sykkel, med demping. Løypa som ligg i Berg i Valle, er unntaket.
Stisykling i Valle og Brokke
Valle og Brokke hev eit breitt og variert nett av stiar – alt frå flate og familievenlege rundar til lengre og meir tekniske stiar med både fart og flyt. Her finn du både lett tilgjengelege nærområde og meir krevjande turar for dei som hev røynsle med stisykling. Felles for alle løypone er nærleik til naturen, varierande underlag og gode høve til å finne ein tur som passar både nivå, form og følgje.
Under hev me samla nokre av dei stiane me sjølve vil tilrå i området, og skildra dei kort og greitt – så det er lett å få oversyn og finne ein tur som passar både tid og lyst. For meir detaljert informasjon om trasé, kart, vanskegrad og oppdatert løypestatus, rår me til å sjå trailguide.net før du legg i veg. Hugs å syne omsyn til turgåarar, dyr på beite og veret – og ver med på å ta vare på stiane til vidare bruk.
Lysløypa i Brokke
Ei lett og lettvint rundløype som òg høver godt til sykling når det er bart. Fast og jamt underlag, og ei løype som passar fint for heile familien utan store tekniske utfordringar.
Godt Støkke Arbe
Ei lengre og meir krevjande sti for deg som hev røynsle med stisykling. Her går det mest i barnålsti, med innslag av klopper, stein og våte parti – ei variert og givande ferd.
Rysstad tursti
Ei allsidig rute med både traktorveg og sti gjennom Rysstad turpark. Her kan du velje vanskegrad sjølv, og løypa passar både for nybyrjarar og for dei som ynskjer meir flyt og fart.
Hovet
Ei flat og lett tilgjengeleg sti som kan sykles båe vegar. Passar godt for born, nybyrjarar og dei som vil ha ein roleg tur i fine omgjevnader.
Yoohoo på Hovet
Ei leiken flytsti med god fart og oversikt. Relativt bratt, men utan store tekniske krav. Ei populær løype for dei som vil kjenne farten utan å måtte ha mykje utstyr.
Tiurleiken på Hovet
Ei oppgradert sti med god flyt og litt meir utfordring i starten. Kjem med nokre korte avstigingar ved bru, men elles ei svært morosam løype i blåbærterreng.
To Blaude og Rett Nede
Ei kort og effektiv sti som tek deg raskt ned til Yoohoo på Hovet. Lite teknisk, med barnålsti og enkle bekkekryssingar – eit fint lite tillegg på turen.
Ned frå Øydetjørn
Ei variert sti med både våte parti og fine flytstrekk. Litt krevjande å finne starten, men belønninga er ei løype med god variasjon og fleire flotte parti.
Flyt på Uppstad
Ein gamal traktorveg som gjev ei roleg stigning før ei morosam og lettsykla nedkøyring. Ei leikande løype med god flyt og låg terskel.
Trollskogen
Ei variert og svært underhaldande sti, med alt frå barnål og mold til stein og små bruer. Nokre parti kan bli blaute etter regn, men heilskapen gjer dette til ein favoritt for mange.
Nedre Lauvås
Ei noko bratt og mindre vedlikehalden sti som kan vere krevjande til tider. Passar best for røynde syklistar og krev litt ekstra merksemd.
Øyne
Ei flat og familievenleg sti i flott natur, med barnålsti, røter og fleire bekkekryssingar. Området byr òg på badeplassar og moglege avstikkarar.
Flateland 1 og 2
To samanhengande og svært lettsykla stiar i flatt terreng. Perfekt for nybyrjarar og familiar som vil ha ei trygg og oversiktleg sykkeloppleving.
Rygnestad-runden
Ei roleg og familievenleg rundløype i flatt terreng. Enkel å sykle, men vis omsyn til turgåarar.
Kultur via Rygnestadtunet
Ei variert sti med både flyt, stein og våte parti. Gjev høve til ein kulturell pause ved Rygnestadtunet, og kan kombinerast med Rygnestad-runden for ein lengre tur.
Eventyrriket Gloppefoss
Ei brei og lettsykla trasé med jamn flyt, avslutta med eit lengre eventyrparti på barnålsti. Ver merksam på turgåarar.

















