Ljosløype

- ein fin tur i nærområdet

No items found.

Lysløypa er ei småkupert løype til bruk sommar og vinter, til trening og til gåturar med små born. Innerst i lysløypa finn du ein gapahuk med bålplass til hyggelege kvilestunder og leik. Starten er ved Brokkestøylen og du følger grusvegen heile vegen rundt til du er attende på Brokkestøylen.

Innerst er det en gapahuk som er eit fint mål, kor ein kan nyte niste.

Kvisletoppen

Kvisletoppen er toppunktet for Brokke Alpinsenter, og har eit flott turterreng i nærområdet. Ein kan komme til Kvisletoppen på to vegar; opp slalombakken og ned grusveien fra Kvisletoppen hyttefelt eller den litt mildere vegen ved å følgje grusvegen oppover og ta returen ned slalombakken. Turen går du fint saman med familie på gode joggesko, eller er du av våghalsene og likar utfordringar, spring du opp og ned. På toppen er det postkasse med gjestebok.

Lengde: 5 km tur- retur. Tidsbruk: 1 time. Merking: Blå

Løefjødd/Løefjell

Turen er ein fin familietur og born fra 5 år kan greie å gå her berre ein tar ida til hjelp. Turen kan gjerast som ein topptur med retur samme veg, eller ein kan gå ned på austsida av Løefjødd. Rundturen har ei bratt nedstigning og er ikkje merka.

For klatreentusiastar finst det over 240 klatreruter å velge mellom i veggen til toppen og ein Via Ferrata som er familievennleg.

Våren 2020 vart stien lagt om litt og det er også lagt klopper på dekker av stien. Dette er gjort for å få meir utsikt på veg opp og for å spare naturen for slitasje.

Lengde: 5 km rundtur. Tidsbruk: 1 time. Merking: Blå

Uvedalsfjell

Turen starter ved Brokkestøylen og går langs ljosløypa inn til bru nr 2. Stien svingar til høgre og over ei gamal bru, følgjer så grusstien/ traktorvegen ca 100 m vidare til høgre. Følg skiltet til uvedalsfjellet innover langsmed Uvedalsbekken og oppover myrdragene til toppen av Uvedalsfjellet.

Lengde: 5- 7 km rundtur. Tidsbruk: 1 time. Merking: Blå