Jakt i Brokke

Brokke Aktivitet AS samarbeider med grunneigarar i Brokke og Berg. Me sel kort for jakt på småvilt og treningskort for hund.

No items found.
Jakt og friluftsopplevingar i Brokke

Brokke Aktivitet AS samarbeider med grunneigarar i Brokke og Berg for å samle mindre teigar til samanhengande, jaktbare terreng. Gjennom dette kan me tilby småviltjakt, revejakt og treningskort for hund – tilpassa både hyttefolk, fastbuande og tilreisande. Sal av kort skjer via Inatur, der du også finn oppdatert informasjon om terreng, reglar, kvotar og kart.

Småviltjakt i Brokkeheia

Fuglejakr i Brokkeheia er eit høgdepunkt for mange friluftsinteresserte. Terrenga er varierte og strekker seg frå bjørkeskog og vierkratt til opent høgfjell, noko som gir gode og spennande jaktopplevingar. Gjennom samarbeid med lokale grunneigarar i Brokke og Berg kan me tilby samanhengande jaktområde av god kvalitet. inatur.no er vår salgskanal, der finn du informasjon om jaktterreng, jaktreglar, kvoter og kart.

Revejakt

Brokke Aktivitet AS legg til rette for revejakt i Brokke gjennom dei same jaktområda. Ved å samle mindre teigar til større, jaktbare område kan me kvart år tilby smårovviltjakt for både lokale jegerar og tilreisande. Tilgjengelege kort og vilkår finn du på inatur.no.

Jaktterreng i Brokke

Me tilbyr tre ulike jaktfelt i Brokke, med terreng som varierer i både karakter og uttrykk. Dette gir gode moglegheiter for å finne eit område som passar dine ønskje og erfaring. Informasjon om kvart jaktfelt, inkludert kart og reglar, er tilgjengeleg på inatur.no .

Treningskort for hund

Det er mogleg å bestille treningskort for hund i Brokke jaktfelt vest og aust. Ordninga er etablert i samarbeid med grunneigarar, og gir tilrettelagde område for organisert og føreseieleg hundetrening. Treningskort bestillast via inatur.no

Sal og kontakt

All sal av jakt- og treningskort skjer via inatur.no
Her finn du full oversikt over terreng, reglar, kvotar og kart.

Kontaktperson:
Tor Brokke
T: 986 32 477
E: aktivitet@brokke.com