Frisbeegolf

- to flotte 18 hulls baner i Brokke og Valle

No items found.
Frisbeegolf i Brokke

I Ljosløypa i Brokke finn du ein flott 18-hulls frisbeegolfbane.

Banen starter ved krysset inn til Brokke Alpinsenter. Der er det også parkeringsplass. Følg ljosløypa så finn du første utkast i svingen. Banen fortsetter så indre runden i  ljosløypa og er på ca 3km. Her er det mange gama kast, både over elv, mange høydemeter ned og ikkje minst oppover.

Bruk gjerne Udisc appen, den kan du bruke gratis, og der er gode kart og forklaring på kvart hull. Den er oppdatert! Og følg gjerne Valle Frisbeeklubb, dei har mange konkurranser både i Brokke og på banen i Valle!

TUSEN TAKK til Brokke Eigedom som som finansierer denne flotte banen for oss!

Frisbeegolf i Valle

Valle Frisbeegolf klubb har laga ein kjempeflott bane i Valle.

Banen er for alle og det er gratis å bruke den, men har du ikke eigen disc så ta kontakt med Frisbeeklubben så har dei til utlån. Valle sport har også discer for sal!

Banen ligg ute på ei øy utanfor Honnevje i Valle. Du kan parkere ved badeplassen på Honnevje og gå over. Bru er ennå ikkje på plass, men med vannmengda som er no kan du gå over terskelen med gummisko, eller høge fjellstøvlar. Du kan også låne ein båt for å komme deg over.

Første korg er på toppen til venstre når du kjem ut på øya. Frå der er det berre å fylje dei blå merka på trea. Det stend ein liten pinne i bakken der utkastplassen er.

Følg gjerne med på facebook sida til Valle Frisbeeklubb for oppdatert informasjon!