BEINLEINUTEN

- denne turen er ikkje merka

“Beinleinuten er eit 1303 meter høgt fjell som ligg aust for Roskreppfjorden i Hylestad vesthei. Det er det høgaste fjellet i gamle Hylestad kommune. For å kome dit kan ein gå frå Evardalen, eller ein kan fylgje turvegen frå Suleskarvegen som gjeng nordover mot Svartenut turisthytte, og vidare mot Bossbu. Då går ein fyrst langs Ivlungvatnet, forbi Kyrkjenausen og til Øvre Kleivi, som er om lag halvveges mellom Suleskarvegen og Svartenuthytta. I Øvre Kleivi kjem også stien opp i frå Evardalen, og omlag på same stad gjekk den tidlegare stien direkte mot Bossbu. Denne er nå nedlagt, og merka er overmåla med grå farge, men ennå synleg (2011) om ein ser godt etter. Den nedlagte stien gjekk vidare til Den svarte tjørni og Den ljote tjørni før ein kunne forlata stien og så gå opp på Beinleinuten frå sørvest.

Når ein står oppe på Beinleinuten, kan ein sjå Beinleivotni og Løefjødd i aust, Svorvarnuten i nord og Roskreppfjorden i vest.”

Denne teksten er henta frå Setesdalswiki

Dette er ein særdeles tøff tur å gå, og en nok kanskje mest brukt om vinteren, men er du såpass fjellvant, kan me love at utsikten kjem til å være verdt turen!

OBS: Dette er ikkje ein merka tur, så ein bør være kjent med kart og kompass.

 

Foto: Anders Jonasson