BORKKE CAMPING
- heilårscamping i Brokke
På Brokke Camping kan du ha campingvogna ståande heile året, eller gjennom sesongar, samt at det kan byggjast isocamp. Det blir lagt opp til mellom 10 og 50 plassar no i fyrste omgang, deriblant for campingvogner og bubilar. Alle oppstillingsplassene er tilknytta straum med eigne straummålar.
Santiæranlegget er nytt og veldig flott, med kjøkken og opphaldsstue i tillegg til flere dusjer/toalett og ikke minst eit eige rom til å tørke våte ytterklede i. Det er både vaskemaskin og tørkestrømmel på huset.
Frå Brokke Camping med perfekt plassering som ligg sentralt på Furustøyl, er det knappe 250 meter til skisenteret, kafeen og Nistebui.
På vinterstid vil det leggjast skispor rett utanfor campingvogna og ut mot løypenettet som brer seg omlag 50 km i naturskjønne omgjevnader. Det er både lysløype for dei treningslystne og lengre langrennsløyper for turgåarane.
Alpinsenteret er ope frå desember til april, med mykje aktivitetar gjennom heile sesongen.
Det arbeidast kontinuerleg med utvikling av Brokke som destinasjon, både med utvikling av hyttefelt og aktivitetstilbod.
Med nå over 17 campingvogner ståande heile året, har det blitt eit veldig fint miljø og ikke minst mange flotte “hytter”. Ta kontakt, eller ta turen innom og sjå.
Prisar:
12 000 kr i året + straum og løypeavgift på 1400 kr +mva (indeksregulert).
På lik linje med alle hyttebuarane i Brokke, blir det også krevd løypeavgift for kvar campingplass.
Dette bidreg til å halde standarden på gode løyper og stadig utvikling av løypenettet.
Er det ikkje rom for å bygge hytte, tidsmessig eller økonomisk?
Ikkje gå glipp av denne fantastiske moglegheita til å ha campingvogna ståande heile året i sentrum av Brokke!
For meir info eller bestilling, ta kontakt med:
Jan Asbjørn
tlf. 959 83 326
E-post: jan.uppstad@gmail.com