brokke.com

Musikkbingo i Nistebui med trubadur Kjetil Åsvald Åsen

12. april 2025kl. 18:00 - Billettar vert selde frå klokka 13:00

Laurdag 12. april klokka 18:00: Musikk Bingo

Vi gjentek suksessen frå i fjor og gler oss til nok ein festaften i Nistebua. Her vert det spel med fengande låtar frå ein av dei mest populære trubadurane; Kjetil Åsvald Åsen, på Sørlandet. Inngangsbilletten kostar kr 150,- og inkluderer 4 bingobrett + mange flotte premiar til vinnarane.

Billettar: Billettsal og afterski startar frå kl 13:00. Hugs at Nistebua har avgrensa med plassar, så her gjeld det å sikre seg billett før det blir fullt. Når du har kjøpt billett (armband), er du sikra plass. Vi har totalt 110 plassar. Fyrstemann til mølla!

Baren er fylt opp med god kunnskapsdrikke og me reiknar med god stemning:)