Vinterferie i Brokke

Vinterferien er straks her og me har som alltid mykje gama på programmet. Det vert Big jump konkurranse, fakkeltog, pubbkviss og afterski med livemusikk og mykje meir!
Det er myyykje snø i Brokke og vinterferien vil forhåpentlig bli fylt med mykje sol og lite vind!
Brokke Alpinsenter har ope kvar dag og det er mykje gama på programmet.
Laurdag 17.februar blir det pubkviss frå kl 17 i Nistebui, og kan hende Frank hentar fram gitaren slik at stemninga kan halde fram utetter kvelden.
Torsdag 22.februar er det tid for det berømte fakkeltoget. Då samlast me på toppen ca kl 20.00, tennar faklane og renn ned bakken i eit samla langt tog! For dykk som ikke vil ha på skia, er det skikkeleg flott å sjå på rundt bålpanna!
Laurdag 24.februar blir det Big Jump konkurranse i hovedbanken med DJ. Då kan me garantere underhalding, med mange flotte hopp!
Me køyrer opp stemninga med DJ og fullt trøkk på høgtalaranlegget!
På kvelden (framleis laurdag 24.februar) inviterar me til afterski med DJ i Nistebui og me garanterer for god stemning!
God vinterferie!!
Åpningstider i vinterferien (veke 8 og 9)
Åpningstider kafe og Nistebu
Husk at medbrakt mat kan nytast i Nistebui fram til kl 16.00 (20.00 på kveldskjøringer)