Mange hytteeigarar treng vedlikehald av torvtaket sitt, og Rysstad Laftebygg leverar.

 Laurdag 6. juli køyrer Rysstad Laftebygg rundt med frø og gjødsel til dei som treng i Brokke. Dei brukar grabb slik at du får rett mengde på taket. Om du ikkje er på hytta den helga, legg dei likevel torvet på taket, men dei går ikkje opp på taket denne dagen.
Ring eller send melding på 91381490, eller send e-post til post@rysstad-laftebygg.no om dette er noko du ønskjer. Husk å oppgje namn og hytteadresse!
Rysstad Laftebygg har også laga ein enkel vedlikeholdsplan for deg med torvtak!
Vatn taket ved sterk tørke.
Slå graset.
Nittedals Taktorv er tilsatt gjødsel og kalk. Kvar vår etter fysste vekstsesong må torvet gjødslast med 3 kg Flora Villa Hagegjødsel eller 15 liter Flora Villa Hønsegjødsel pr. 100 m2.
Annankver vår må taket kalkast med 10-25 kg Flora Villa Granulert kalk pr. 100 m2.
Gjødsling med Flora Villa Hønsegjødsel reduserer behovet for kalking.
Hald taket reint for busker og tre for å unngå skader på undertaket.