Status skiforhold laurdag 4.januar

God laurdag alle saman! Løypekøyrar Uppstad melder om at følgjande tre trasear er oppkøyrde i dag tidleg:
  • Suleskarvegen inn til Leite
  • Hovudlysløypa
  • Ny lysløype ved skisenteret
Det er kjempefine forhold med -10 grader og lite vind.
Brokke Alpinsenter har ope klokka 10-16, med svært gode forhold. Både stolheis og t-trekk køyrer! Kafeen er open frå klokka 10 til 16. Klokka 17 blir det ny pubkviss i Nistebui med kvissmeister Kristin Gustavsen! Er du klar til å teste kunnskapen din? Kanskje ta ein matbit også? Det er matservering fram til kl 19.
Ønskjer alle ein fin dag i Brokke!

Gangretning rulleskiløype / ny lysløype:

Vi er veldig glade for å sjå så mange i den nye lysløypa nede ved skisenteret. For å sikre tryggleiken minner vi om at gangretninga er med sola 👍 i lysløypa. Dette sjølv om klassisksporet ligg på venstre side, noko som berre kjem av at det er mest praktisk å ha det i ytterkanten av traseen.