PÅSKA 20222

- takk for ei fantastisk påske

Påska 2022💛💛

Påska starta med sol, men ting god del vind. Det stoppe likevel ikke hyttefolket frå å ta på seg skia og nyte dagane ute. Me fekk også eit lite påfyll med snø, noko som la ei fin ramme på resten av påska, som var i strålande sol☀️☀️

Tusen takk til alle dykk som ha delt bilete med oss på Instagram og Facebook, me set stor pris på å få ta del i dykkar påskefeiring🐥🐥 Eit lite utval finn dykk under her, elles kan dykk sjå på @brokke eller #brokke på Instagram, så finn dykk endå flere der.

Brokke Alpinsenter har også i år levert, men afterski med livemusikk, slalåmrenn, eggjakt, og påskefest. Og ikke minst fekk me eit skikkeleg “TA SJANSEN” på påskeaften!

 

Me har lyst til å sende ein stor takk til alle som jobba på i Alpinsenteret i påska for å gje oss supre forhold dag ut og dag inn! Og tusen takk til løypemannskapet som har sørga for nypreparerte skiløyper kvar dag i påske.

Alle langrennsløyper og nedfarter har vært opne heile påska, og DET er ganske så bra🐥

Øyvind Johnsen som har hytte innmed Myklevatn inviterte til ein felles skitur innover i fjellet på tirsdagen. Der var det nesten 90 stk av små og store som tok turen, og for ein flott tur det var! Øyvind hadde gått turen dagen i forveien for å forsikre seg om at det var fine forhold, og han gjekk selv i front, og hadde også med seg nokre som gjekk bakerst og sørga for at alle kom med. Me er imponerte, og håper dette fortsetter💛

Langfredag var det tid på turen frå Berg i Valle til Brokke. Denne turen har blitt ein tradisjon og denne turen er det Eirek Gullvåg som er primus motor for.

 

Og heilt til sist, tusen takk til alle skuterførarar som har køyrt hensynfullt langsmed Suleskardvegen, som me er så heldige å få lov til å setje skispor på. Og takk til alle dykk skiløparar som har tatt dykk tid til å gje eit oppmuntrende smil til alle dei flinke borna som har brukt løypene, og ikkje minst for at dykk har tatt hensyn til skuterne som køyrer langs Suleskardvegen.

Igjen takk for påska💛☀️🐥💛☀️🐥💛

 

Ps, har du også lyst på hytte her, så kan du sjekke ut ledige tomter her! Sjekk gjerne våre partnarar, kanskje ein av dei kan setje opp draumehytta di☀️🐥💛