NY BESØKSREKORD PÅ HAUST
- laurdag 8.oktober på Djuvet i Brokke

Det var stor spenning knytta til laurdagen i år, då det regnet nesten heile veka før og var meldt regn etterpå. Men me var like heldige i år som i fjor, når dagen kom, kom også sola og me fekk nyte ein fantastisk haustdag på Djuvet, om enn noko søylete…
Med sola på plass, kom også mykje publikum og med slo rekorden på 1000 stk i fjor med nærare 1500 stk i år!!
Stemninga var nesten magisk med folkemassen som sto og lytta til Eivind Tanche-Larsen og Sigrid Berg. Eivind på fele og Sigrid med si flotte kveing, og så fekk me også ei oppvisning av Tor Espen Helle og Sigrid Berg som dansa.
I tillegg til denne flotte oppvisninga, var det også ein intimkonsert inne i årestoga med Sigrid og Eivind.
Sølvgarden serverte nydeleg setesdalssuppe og lappar, og Helle Bakeri var på plass med mykje flotte bakevarer som vanleg.
Rysstad Laftebygg hadde med seg to gapahuker som ein kunne prøve, og Odde Sagbruk hadde med bålpanner, benker og diverse andre nyttige og flotte ting,.Valle sport var der med mykje flott turtøy, i tillegg til mange utstillarar med treprodukter, strikk og syltetøy.
I bakstrehuset dufta det av nystekte hardangerlefser, og her kunne ein både kjøpe med, og få ein smaksprøve.
Og kanskje det aller viktigaste me har på Haust er aktivitetar. I år var med så heldige at Trollaktiv lånte oss både pil og bue, og leirdueskytingsutstyr med lasergevær. I tillegg har vi alltid på plass ziplinene som er veldig populær for barna. I år som i fjor hadde med også to guida turar i Via Ferrata Løefjell med manen som bygde løype Børre Bergshaven.
Tusen takk til alle som kom og var med på å gjere denne dagen så bra!
Me vil også takke Brokke Eigedom, Brokke Panorama og Kvisle Eigedom for sponsing av Haust. Tusen takk til Setesdal Regionråd for tilskot til Haust.
Og sist med ikkje minst tusen takk til AGDER GRUPPEN AS for sponsing av aggregat, slik at me kunne lage mat og servere kaffe.
HAUST23 blir laurdag 30.september 2023, og me har allereie no starta arbeidet med å få endå flere utstillarar på plass. Me er på jakt etter utstillarar som har kvalitetsprodukt, anten det er keramikk, treprodukter, handlaga kranser, kortreist mat, frukt, osv…
Kjenner du noken eller vil prøve deg, så ta gjerne kontakt med oss på post@brokke.com eller ring på 455 12 296.
Under her ligger bilete fra årets haust!