Lad el-bilen ved skisenteret!

Nytt av året er at vi har fått heile 20 ladepunkt for elbil ved Brokke Alpinsenter.

Her kan bilen ladast medan du og familien kosar dykk i bakken, i kafeen eller på langrennstur.

Du startar og stoppar ladinga med appen: LADDEL. Denne lastar du enkelt ned frå App Store eller Google Play, og lagar ein brukar. Dette tek berre nokre få minutt, så er du i gang.

Ladehastigheita er 7,2 KW, og dagens pris er oppgitt i appen. Appen viser til ei kvar tid kor mange ladepunkt som er ledige.

Velkomen.