Konsert med Sunhill Outlaws og Daniel Strømme

Skjærtorsdag i Nistebui
Sunhill Outlaws består utelukkande av to tilskot frå Lyngdal og Kristiansand, plasserte på Evje.
Gruppa gjekk tidlegare under namnet Bein & Ronny, men etter at dei hadde jamma på hytta til Ronny, som låg på Soltoppen, skjønte dei at dette var det rette namnet for duoen.
Musikken står òg i stil til namnet dei tok. Inspirasjonen er henta frå eldre rock, country og musikk dei sjølve likte som ungdom. Du får høyre nye versjonar av låtar frå Hank Williams III, Johnny Cash, CC Cowboys og mykje meir. Duoen akkompagnerer kvarandre med munnspel, kassegitar, perkusjon og vokal.
Bent Ivar si stemme kan godt assosierast med ein røykt Jack Daniels frå 70-talet, medan Ronny fortel historier på munnspelet frå si tid i punkband og rock’n roll.
Musikaren Daniel Pizarro Strømme har spelt fleire gonger i Nistebui med stor suksess. Han er dyktig på coverlåtar og allsangar som skapar god stemning.
Daniel og Sunhill Outlaws spelar om kvarandre utover kvelden!