brokke.com

I år inviterar me igjen til ein flott dag på Djuvet i Brokke!

Haust23 vert arrangera laurdag 7.oktober.

Haust er ikke ein “vanleg” marknad, men ein unik blanding av setesdalskultur, aktivitetar, mat og marknad.

Det skal vere ein dag med myke god “røe” rundt bålpanna, det skal vere latter og leik med aktivitetar for heile familien. Kortreiste opplevingar med felespil og dans, det vert smakfulle tilbod av setesdalsuppe, hamburgarar, bakevarer og mykje anna!

Me har fått på plass endå fleire utstillarar, det blir fleire aktivitetar, og ikke minst så vert det underhaldning av lokale folkemusikarar.

Klokka 13.00 vert det konsert for alle på Djuvet, då vil Eivind Tanche-Larsen Knutsen spele på fele, mens Eldbjørg Trydal Rysstad vil kvee. I tillegg vil Eldbjørg saman med Knut Arne Rysstad danse for oss.

Det vert som tidligare også intimkonsert i Årestoga kl 14, her er det kun nokre få plassar.

Av utstillarar har me foreløpig desse på lista, men det er stadig fleire som melder seg på!

  • Sølvgarden Hotell og Feriesenter kjem med suppe, lappar og rømmegraut. Og ein skal ikke sjå vekk ifrå at dei kjem med nokre flotte sauskinn og anna også.
  • Helle Bakeri kjem med blandt anna knakande gode bakevarer.
  • Irene Bjorland kjem med hardangerlefser (vestlandelefser) og byr på smaksprøver i bakstrehuset!
  • Salvehus gard kjem med kjøttutsal og servering av heimelaga hamburgarar.
  • Uppistog Gard kjem med Geitost, litt grønt, honning frå Halland gård og den berømte Salsa Habanero frå Bjørgum gård.
  • Erik Skogen kjem med birøkterorodukt som lynghonning, sommerhonning og bakevarer med honning i.
  • Rysstad Laftebygg kjem med ein gapahuk el to du kan prøve.
  • Valle sport kjem, så blir du kald eller våt (eller varm), er det bare å ta turen innom dei.
  • Gomes hus kjem med eigenprodusert lin, garn og saueskinn i tillegg til honning og biprodukt laga på Haanes Bigaard.
  • Glenns Workshop kjem, og me gler oss til å sjå kva han tek med seg. Tips, sjekk ut Instagram @glennsworkshop
  • Odde Sagbruk kjem og me kan nok ikkje love at dei har me like mykje som i fjor, men at du kan få mange gode tilbod, det trur eg me kan love.
  • Finn Eikaas kjem med flotte treprodukt og me kan anbefale in tur innom om du treg ei pizzafjøl eller to.
  • Ann Katrin Olsen kjem med selbuvotter og kransar, og kanske ein kjærlighet eller to.
  • Hannevik Tredreiing kjem med dei flottaste treprodukta som bollar, juletre og fat som ein rett og slett bare må få med seg.
  • Lisbeth Stumpf kjem med flotte aloe vera produkt.
  • Olav Jan Tveiten kjem med bilete frå blandt anna Knut Høihjelle.
  • Odden Plantemarked tek med seg haustblomar, lokalprodusera grønnsaker go i tillegg både spekepølse og krydder frå Cemo.
  • Eiken Hytter AS kjem og har ein snekrestasjon, så her kan du konkurrere med far om hvem som får ned spikeren først, og selvsagt kan du også få mye fin info om dei flotte hyttene Eiken bygger.
  • Mona Ida kommer med flotte bilete og litt strikk.
  • SAP Armbånd kjem med eigenproduserte armband, som er verdt ein titt!
  • Active Overlanders kjem med tre råtøffe Arctic Trucker så bare gled dere!

Har du noko du vil stille ut eller selje? Ta kontakt med oss, så finn me ein plass til deg!

Litt praktisk informasjon må også til…

Alle bortsett frå utstillarar) parkerar på parkeringa ved Brokke Alpinsenter, så er det berre å ta beina fatt. Me skilter godt!

Men har du eit handikap, så kan du anten take bilen opp eller få skyss med UTV`en me har tinga for dagen.

Det er toaletttvogn oppe på Djuvet, slik at du slepp å finne ein busk i skogen eller vente til du kjem heim att…

Me tek inngangspenger (50kr pr person og 100kr per familie), men då er alle aktivitetar gratis!

 

Brokke Alpinsenter har ope heile dagen (12-18) og Iva og G er klare med mykje god mat. Kanskje dei kan friste deg med italiensk pizza, eller verdens beste (synest iallfall me) hamburger og Ceasar salat! Iva disker også opp med gode kaker, så kanskje du kan nyte ein god middag med dessert:)

Her kan du også leige klatreutstyr om du vil i den nye klatreveggen eller i Via Ferrata Løefjell (her blir guida turer også). Du kan leige sykkel om du vil i pumptracken, eller kanskje prøve deg på litt stisykling… Her er minigolfbane, frisbeegolfbane, rulleskiløype, ljosløype og mykje anna gama du kan finne på.

Klatreveggen ved siden av Pumptracken vert opna slik at du på laurdag kan prøve deg i veggen.

I Via Ferrrata Løefjell vert det guida tur med Bratt Norge As fra kl 11. Dei køyrar eit ekstra godt tilbod denne dagen med 20% rabatt. Husk å bruke koden: Haust23

Bestill her: Via Ferrata Løefjell

 

Velkomen til Haust23🍂