Midt-Agder friluftsråd og Sparebanken Sør har rigga opp treteltleirar i heile landsdelen meint for gratis overnatting frå no og like fram til 11. august. Ein av treteltleirane er no på plass på badeplassen Marhyl i Hylestad!

Dette finn me frå Valle Kommune si heimeside!

På det viset kan alle som vil det få oppleve ei temmeleg unik natt i naturen, og altså aldeles gratis! Treteltet har to etasjar og kapasitet på inntil seks personar. Det er rigga opp slike telt i Kattnesbukta, Lindesnes, Kyrtjønn, Kristiansand, Saltviga, Lillesand, Marhyl i Hylestad og Storetjønn i Bykle.

Må reserverast

Den som vil kan altså få ei natt i treteltet. Overnattinga må reserverast på førehand, og bookinga gjeld frå klokka 16 dagen ein kjem til klokka 12 dagen etter. 

HER kan ein reservere ei natt.

For den som vil lese meir om tilboda frå Midt-Agder friluftsråd er lenka til heimesida HER.

Marhyl har både svaberg og flotte sandstrender. Det perfekte utfluktsmålet for barnefamiliar på varme sommardagar. Ungane kan bade og leike i sanden, og for dei vaksne er det oversiktleg. Det er to flytebrygger og eit toalettanlegg. Badetemperaturene i Marhyl er dei høgaste i kommunen.

Du finn Marhyl omlag 3 km nord for Rysstad, like ved Brokke kraftstasjon. Parkeringsplassen ligg like inntil Rv. 9 på høgre side av vegen om du køyrer frå Rysstad mot Valle.