Ferske skispor

Sjekk ut skisporet.no for å sjå kor det er tråkka nye skispor

Så fort det er snø nok er løypemannskapet ute og tråkker langrennsløyper for oss! Nå i starten av sesongen er det ofte Brokke Suleskardevegen og rulleskiløypa som vert tråkka først,  på grunn av at det er asfalterte underlag og mykje lettare for maskina å tråkke på lite snø. Det neste som vert tråkka er som regel ljosløypa og så snart det er nok, vert resten også tråkka ute i terrenget.

Så er det ofte mykje spørsmål i starten på kvifor ikke løypene i terrenget vert tråkka når det for oss “vanlege” ser ut til å vere nok snø! Dette er ofte ei vurdering som løypemannskapet gjer på grunnlag av snart 15 års erfaring med å tråkke løypene. Dei kjenner underlaget godt, dei veit kor mykje maskinen (ofte beltene) tåler, og dei gjer ein kvalifisert vurdering på når dei løypane kan tråkkas. Så ver tålmodige, ha tillit til løypemannskapet som år etter år leverer dei flottaste løypane til oss, og stol på at dei er akkurat like ivrige etter å komme i gong som me er!

Skisporet.no/brokke er ein veldig fin plass å oppdatert informasjon på når det vert tråkka og kor maskina er no, av og til så er det slik at løypene kan ligge akkurat like fint neste dag, og då kan det dere lurt å ta turen ut sjølv om det ikke er “ferske spor”. Her gjer også løypemannskapet ei vurdering før dei køyrer ut.

Det samme gjeld løypene som ligg lengst inne i fjellet, dei vil av og til verte vurdera til å ikkje køyre, då ofte på grunn av for mykje vind og snøføyke.

Me prøver alltid å gje oppdatert informasjon på brokke.com eller på Facebook sida vår, så følg gjerne også med der!

 

GOD TUR!