Brokke Skirace - laurdag 8.mars

OPPDATERT INFORMASJON – TORSDAG 6. MARS KL. 20:00
🚨 JUSTERT LØYPETRASÉ – START FRA JARNSVERK 🚨
Laurdag 8. mars 2025 arrangeres Brokke Skirace for aller første gong – ein skifest i det flotte løypenettet i Brokke!
BROKKE SKIRACE 🤩 – KM AGDER OG ROGALAND 🤩
Me ønskjer velkommen til den første utgåva av Brokke Skirace! Grunna utfordrande vêrforhold denne veka har me justert løypetraséen. Etter befaring i dag er starten flytta til Jarnsverk.
Løypa går langs vegen, tek av inn til Everdalen, rundar og returnerer, før den går vidare inn til Leite. Det blir éin trasé på 22,2 km, der deltakarane kan velje mellom:
✅ 22 km (1 runde)
✅ 40 km (2 rundar)
✅ 60 km (3 rundar)
Kvar runde har 348 høgdemeter, noko som gir ein snillare trase enn opphavleg planlagt. Dette sikrar gode forhold og ei flott skioppleving for alle!
🏆 KM Agder og Rogaland startar seinare på dagen og vil gå i rulleskiløypa ved alpinsenteret.
📢 Meld deg på og bli med på ein fantastisk skidag!
🔗 Påmelding: live.eqtiming.com/75084#dashboard
📞 Spørsmål? Kontakt Solveig på 912 47 155.
💡 KVEN KAN DELTA?
Brokke Skirace passar for alle – enten du vil konkurrere, har eit treningsmål, ønskjer meistringskjensle, eller berre vil ha ein fin tur med vener og familie.
📌 VIKTIGE DETALJAR
🏁 Start og mål:
- Start kl. 09:00 frå Jarnsverk, med målgang same stad.
🎟 Startnummerutdeling:
- Fredag kl. 18:00–20:00 i Nistebui ved alpinsenteret.
- Laurdag kl. 06:30–08:30.
📝 Påmelding:
- Mogleg heilt fram til renndagen kl. 08:00, så lenge det er kapasitet.
💰 Prisar:
- 60 km: 800 kr
- 40 km: 800 kr
- 22 km: 600 kr
📌 Lisens må teiknast. Påmeldingsavgifta blir refundert ved eventuell avlysing.
⏱ Tidtaking og sperretid:
- Tidtakingsbrikka er integrert i startnummeret og må berast synleg.
- Sperretid: Alle deltakarar må vere i mål innan kl. 18:00.
- Dersom du må bryte rennet, meld frå på telefon 912 47 155.
🏅 Premiering:
- 60 km totalvinnar (M/K): 6.000 kr
- 33 km vinnar: 3.000 kr
Valle Sparebank er hovudsponsor for arrangementet.
🏆 KRETSMEISTERSKAP (KM) – START KL. 12:00
KM Agder og Rogaland blir arrangert i den nye lysløypa ved alpinsenteret same dag!
🌟 Bli med på ein fantastisk skidag i Brokke! 🌟