Brokke Skirace

Brokke Skirace erstattar Sesilåmi og blir ein folkefest i Setesdal. Rennet arrangerast for første gong 8. mars 2025. Med start og mål ved Brokke Alpinsenter er det lagt til rette for eit flott arrangement i løypene som ligg rundt Brokke alpinsenter. Rennet vil køyre klassisk stil.

Det er den perfekte staden for å teste deg sjølv og oppleve den gode stemninga det blir med eit skirenn i flotte omgivelser med familie og venner.

Brokke Skirace er opent for alle, så enten du er en erfaren løper eller nybegynner, er du hjertelig velkommen til å delta! Me gleder oss til å se deg på startstreken!

Det vil vere distanser for alle. Både 15km, 30 km og i underkant av 60 km. Løypetraseen vil endelig vere klar i slutten av januar 2025. Men den skal gå i eksisterande løypenett.

15 km skal gå opp til Jarnsverk innover til Evardalen til Myklevatn for så tilbake til mål.

30 km tar ved Myklevatn vidare opp i hyttefeltet ein ser over broa med Myklevatn for så å ta opp til Kvisletoppen og deretter tilbake til Myklevatn og ned til mål.

Løypa som vil vere i underkant av 60 km tar samme runde som 30 km, men ein vil ta inn til Evardalen ei ny runde når ein kjem ned til Jarnsverk.

Her vil det bli god lengde og bra med høgdemeter.

Det vert altså lagt opp til at dei som vil ha ei skikkelig styrkeprøve får det. Men det er også lagt opp til at alle som ønsker seg ein flott skitur skal få dette. Trimklasse uten tid på 15 km og 30 km for dei som måtte ønske å gå utan å vere med konkurranseklassen

PÅMELDING HER: BROKKE SKIRACE