Alpinsesongen er i gang!

Brokke Alpinsenter opna med brask og bram laurdag 21. desember 2024, og det var med stor glede vi kunne sjå så mange flotte folk i bakken. Det er alltid noko heilt spesielt og fascinerande med sesongstart. Våre gjester storkosa seg medan snøen lava ned. Ved hjelp av eit godt driftsapparat og fokus på snøproduksjon, har vi klart å få til gode forhold i Hovudbakken og Vestbakken. Parken er dessverre ikkje opna enno på grunn av for lite naturleg snø, men vi har rigga fleire rails og hopp i Vestbakken som gir ein god erstatning og moglegheit for litt skitriksing i bakken.
I jula og nyttår er alpinanlegget ope frå kl. 10 til 16 ALLE DAGAR, fram til og med søndag 5. januar 2025. Vi minner òg om kafeen, som er kjend for svært god mat og drikke. Her får du alt frå heimelaga hamburgarar til særs gode italienske pizzaer. Denne menyen må du prøve!
Velkomen til Brokke Alpinsenter.