Småviltjakt 2023

-fuglejakt i Brokkeheia er eit høgdepunkt for mange friluftsinteresserte. Terrenga er varierte, frå bjørkeskog og vierterreng til høgfjell

Brokke Aktivitet AS formidlar småviltjakt og jaktopplevingar i Brokke.

Fuglejakt i Brokke hausten 2023.

Brokke Aktivitet AS samarbeider med grunneigarar i Brokke og Berg slik at me får samle små teigar til jaktbare storleikar.

Her er meny for terrengprofil og utskrift. Og under «Kartlag» kan du skru av og på dei aktuelle jaktfelta.Jaktterreng i Brokke

PDF over jaktterrenga: Brokke og Berg fellesbeite, Brokke jaktfelt aust og Brokke jaktfelt vest.

Ta kontakt på e-post for å få tilsendt KML-filer for bruk i td google maps eller gps.

Oppdatering den 7.sept 2023:

Basert på våre eigne observasjonar og tilbakemelding etter hundetrening er vår vurdering at det er forsvarleg å tillate fuglejakt i våre terreng til dei som allereie har kjøpt jaktkort. Me ynskjer likevel eit forsiktig uttak i ei sårbar tid for rypa og gjer merksam på følgande tiltak:

Me opprettheld baglimit på to fugl (rype/orrfugl) pr jeger pr dag, men set grense for uttak av rype til ein fugl pr dag. Oppfordrar dykk til å rette skotet mot ungrypa/kyllingen og spare voksenrypa/ stamfuglen.

Me oppfordrar også til å ta ut smårovvilt og minnar om at det er skotpremie på raudrev i Valle kommune.

Salg av resterande ledige kort er innstilt.

Me ynskjer dykk fine dagar i fjellet!

 

Jaktkortet er berre gyldig for kortinnehavar og skal bli framvist ved kontroll.

Hald hundar i band over andre eigedomar på veg til jaktterreng.

Vis omsyn til andre som ferdast i naturen og hald avstand til hytter og merka turvegar/skiløyper.

Vis omsyn til beitedyr og anna vilt. Ver særleg aktsam under sauesanking slik at ikkje du og din hund uroar gjetarhund og sau. Hundeeigar er ansvarleg for eventuelle skadar som hunden måtte påføre. Eigar må ha gyldig bevis for at hunden er sauerein. Kontaktperson sau: Heiesjef, Livar Ravndal. T: 917 95 433

Send jaktrapport på epost med tal på sett og felt vilt uoppfordra og snarleg etter jakt.