Småviltjakt 2024

-fuglejakt i Brokkeheia er eit høgdepunkt for mange friluftsinteresserte. Terrenga er varierte, frå bjørkeskog og vierterreng til høgfjell

Brokke Aktivitet AS formidlar småviltjakt og jaktopplevingar i Brokke.

Brokke Aktivitet AS samarbeider med grunneigarar i Brokke og Berg for å samle små teigar til jaktbare storleikar. Jaktterreng i Brokke

inatur.no er vår salgskanal for dagskort.

Jaktkvoter
«Bag-limit»: 2 fugl (rype/orrfugl) pr jeger pr dag. Det er ikkje tillatt å samle opp kvote frå dag til dag. Jakt på storfugl (tiur/røy) ikkje er tillatt.
Kvotene kan bli endra etter kortsalg. Slike endringar gjev ingen rett til refusjon.
Det er ikkje kvoter på harekort.
Jaktkort for småvilt (fugl/hare) gjev også rett til jakt på smårovvilt i same tidsrom.

Jaktreglar
Jaktkortet er berre gyldig for kortinnehavar og skal bli framvist ved kontroll.
Hald hundar i band over andre eigedomar på veg til jaktterreng.
Vis omsyn til andre som ferdast i naturen og hald avstand til hytter og merka turvegar/skiløyper.
Vis omsyn til beitedyr og anna vilt. Ver særleg aktsam under sauesanking slik at ikkje du og din hund uroar gjetarhund og sau. Hundeeigar er ansvarleg for eventuelle skadar som hunden måtte påføre. Eigar må ha gyldig bevis for at hunden er sauerein. Kontaktperson sau: Heiesjef, Livar Ravndal. T: 917 95 433
Send jaktrapport på epost med tal på sett og felt vilt uoppfordra og snarleg etter jakt.
Me oppfordrar til å vise omsyn til andre brukarar av området og studere kartet nøye før og under jakta for å unngå konflikt med hensyn til andre jaktfelt.
KML- og GPX-filar over jaktterrenga blir sendt på epost etter førespurnad.

Avbestilling:
• Ved avbestilling inntil 30 dagar før jaktdato, vert 80% av beløpet refundert.
• Ved avbestilling mellom 30 – 10 dagar før jaktdato, vert 50% av beløpet refundert.
• Ved avbestilling mindre enn 10 dager før jaktdato gjeld ingen refusjon.

Bruk skjema nedanfor for bestilling av jakt. Vel jaktfelt og periode! Faktura blir sendt til oppgitt e-post.

Oversikt over periodekort vert lagt ut i slutten av april. Bestillingar gjort innan 2.mai kl 09.00 blir fordelt i løpet av dagen. Deretter er det førstemann til mølla. Skitt jakt!

 

Jaktperiode 2024 Datoer Brokke Jaktfelt Vest Fellesbeitet Pris pr kort
Periode 1 10.-12.sept 4 kort 5 kort 3.700,-
Periode 2 13.-15.sept 4 kort 5 kort 3.700,-
Periode 3 16.-19.sept 4 kort 5 kort 3.700,-
Periode 4 20.-22.sept 4 kort 5 kort 3.700,-
Periode 5 23.-26.sept 4 kort 5 kort 3.700,-
Periode 6 27.-29.sept 4 kort 5 kort 3.700,-
Velg periode
Velg jaktfelt
Betalt jegeravgift