Jaktterreng i Brokke

- 3 jaktfelt å velje mellom

Terrenga våre er flotte og varierte - her finn du alltid noko som passar dine ynskje.

Brokke og Berg fellesbeite

Areal (ca): 18 000 daa

Artar: Rype, hare, raudrev, grevling, røyskatt, mår, mårhund, villmink, kråke, ravn, skjor og nøtteskrike (etter jakttidene).

Omtale: Brokke og Berg fellesbeite er eit samanhengande høgfjellsterreng nord for Evardalen i Setesdal vesthei. Topografisk variert, myrlendt, noko buskvegetasjon – ellers typisk høgfjellsterreng – ca 900 – 1200 moh.

 

Brokke jaktfelt vest

Evardalen, Kråkeli, Bjørnevassheii, Vardefjell, Uvedalen

Areal (ca): 10 000 mål

Artar: Fjellrype, lirype, orrfugl, hare, raudrev, grevling, røyskatt, mår, mårhund, villmink, kråke, ravn, skjor og nøtteskrike (etter jakttidene).

Omtale: Jaktterrenget strekkjer seg i frå Evardalen i vest til hyttefelta i Brokke i aust. Arealet er delvis stykka opp i mindre teigar og det er hytter i fleire av områda. Jaktfeltet har variert topografi og vegetasjon. Høgdedraget er fra ca 600 moh til 1000 moh.

 

Brokke jaktfelt aust

Skrymelii, Hovdevatn, Aksletjønn, Løefjell

Areal (ca): 4 000 mål

Artar: Rype, orrfugl, hare, raudrev, grevling, røyskatt, mår, mårhund, villmink, kråke, ravn, skjor og nøtteskrike (etter jakttidene).

Omtale: Jaktterrenget har variert topografi og vegetasjon. Høgdedraget er fra ca 500 moh til 1000 moh. Arealet er delvis stykka opp i mindre teigar.

 

Lenke: Jaktterreng i Brokke

Sjekk Inatur.no for jakt i Brokke

Her er meny for terrengprofil og utskrift. Og under «Kartlag» kan du skru av og på dei aktuelle jaktfelta. Jaktterreng i Brokke

PDF over jaktterrenga: Brokke og Berg fellesbeite, Brokke jaktfelt vest og Brokke jaktfelt aust.

Ta kontakt på e-post for å få tilsendt KML-filer for bruk i td google maps eller gps.