Jaktterreng i Brokke
- 3 jaktfelt å velje mellom

Terrenga våre er flotte og varierte - her finn du alltid noko som passar dine ynskje.
Brokke og Berg fellesbeite
Areal (ca): 18 000 daa
Artar: Rype, hare, raudrev, grevling, røyskatt, mår, mårhund, villmink, kråke, ravn, skjor og nøtteskrike (etter jakttidene).
Omtale: Brokke og Berg fellesbeite er eit samanhengande høgfjellsterreng nord for Evardalen i Setesdal vesthei. Topografisk variert, myrlendt, noko buskvegetasjon – ellers typisk høgfjellsterreng – ca 900 – 1200 moh.
Brokke jaktfelt vest
Evardalen, Kråkeli, Bjørnevassheii, Vardefjell, Uvedalen
Areal (ca): 10 000 mål
Artar: Fjellrype, lirype, orrfugl, hare, raudrev, grevling, røyskatt, mår, mårhund, villmink, kråke, ravn, skjor og nøtteskrike (etter jakttidene).
Omtale: Jaktterrenget strekkjer seg i frå Evardalen i vest til hyttefelta i Brokke i aust. Arealet er delvis stykka opp i mindre teigar og det er hytter i fleire av områda. Jaktfeltet har variert topografi og vegetasjon. Høgdedraget er fra ca 600 moh til 1000 moh.
Brokke jaktfelt aust
Skrymelii, Hovdevatn, Aksletjønn, Løefjell
Areal (ca): 4 000 mål
Artar: Rype, orrfugl, hare, raudrev, grevling, røyskatt, mår, mårhund, villmink, kråke, ravn, skjor og nøtteskrike (etter jakttidene).
Omtale: Jaktterrenget har variert topografi og vegetasjon. Høgdedraget er fra ca 500 moh til 1000 moh. Arealet er delvis stykka opp i mindre teigar.
Sjekk Inatur.no for jakt i Brokke
PDF over jaktterrenga: Brokke og Berg fellesbeite, Brokke jaktfelt vest og Brokke jaktfelt aust.
Ta kontakt på e-post for å få tilsendt KML-filer for bruk i td google maps eller gps.