Langrennsløyper
- kor, når og kva?

I Brokke har me over 5 mil med flotte langrennsløyper som strekk seg frå sentrum av Brokke og innover i høgfjellet. Heile løypenettet er forbundet saman, frå ljosløypa, til rulleskiløypa til Suleskardvegen.
Brokke ligg ved foten av Setesdal Vesthei og har unike langrennsløyper i høgfjellsterreng.
Parker gratis i sentrum av Brokke, ved brua over til Brokke Alpinsenter og legg ut på tur. Start i lysløypa eller ta skiheisen til Kvisletoppen, og følg langrennspora til Myklevatn. Her er meir enn 50km med langrennsløyper..
Følg tråkkemaskina live i langrennsløypene via Skisporet.no
Brokke har i lange tider vore ein høgt elska utfartsstad. Her finn du eit variera og særeige fjell-landskap som reknast som særlig snøsikkert. Områda føles ved ferdsel som uendeleg store og spennande for friluftsinteresserte. Her får du kvite vidder med urørt snø eller flotte langrennsspor for den meir kresne.
Tidleg i sesongen er me så heldige at me kan legge skispor på Suleskardvegen, slik at me deler vegen med snøscooterne som køyrer inn til hyttene siden. Dette fingerer veldig fint og me har då 1,2 mil med flotte langrennsløyper som går heite inn til Leite, som er innenfor Myklevatn. Det er god stigning opp, og mange gode bakkar heim igjen. Her er ikke ljos, så vil du gå etter mørkets frembrudd anbefaler med anten rulleskiløypa på 2km som er asfaltert og forhåpentlig gjev tidlege spor, ellers er det ljosløypa på 5km som er godt variert og perfekt for ein treningstur.
Resten av løypenettet heng saman, og du kan anten ta trekket opp og gå innover derfrå, eller du kan starte i ei av ljosløypene og gå innover derfrå. Du kan også ta bilen til Jarnsverk og ta turen derfrå.
Skispor
- det snør ikkje skispor

I over 10 år har Uppstad Anleggservice AS vært med å utvikla og køyrd langrennsløyper for oss.
I tett samarbeid med velforeningane, Valle Kommune, Brokke AS, grunneigarane og ikkje minst engasjerte hyttefolk har me i dag over 5 mil med flotte løyper. I 2022 fekk me også ei rulleskiløype på 2 km med snøkanonanlegg som sikrar tidleg snø.
Me er svært stolte over å ha nokre av Sørlandets (kanskje Noregs) flotteste skiløyper her i Brokke.
Både Ljosløypa og rulleskiløypa er Valle kommune sin, og også deira ansvar når det kjem til både vedlikehald og tråkking.
- Ljosløypa og Rulleskiløypa vert tråkka kvar veke dag, og skal etter oppdrag frå kommunen dere ferdig tråkka til kl 16.00.
- I helgene blir dei trakka saman med resten av løypenettet.
Resten av løypenettet ca 4,5 mil vert finansiert av hytteeigarane. I Brokke må alle som kjøper hytte signere ein kjøpsavtale som sikrar inntekt på 1400kr inkl mva (indeksregulert) pr hytte i Brokke. Etter avtale med velforeningene er det, Brokke Aktivitet, Velforeningen eller Kvislelivegen som fakturerer dette til den enkelte hytteeigar. Frå sesongen 2023/24 er det Brokke Aktivitet AS som deretter fakturerer dei nevnte selskap for same summen, og leiger inn Uppstad Anleggservice til å tråkke. Det blir tråkka etter behov, men heile summen 1480,- (- mva) gjeng uavkorta til løypekøyring. Det vil sei at det ikkje ifrå nokon av selskapa vert teke hverken administrasjons -eller fakturagebyr på dette.
I tillegg har me dei siste åra fått tilskot frå Valle kommune til køyring av langrennsløyper. I 2021 var dette 150 000,- (minus mva).
- Løypenettet vert tråkka etter behov, men i hovedsak kvar fredag, laurdag og sundag, samt feriar. I tillegg prøver me å halde løypene åpne i vekedagane etter f.eks snøfall. Men dette blir vurdere litt utifrå vêrmeldingane.
Kvar velforening har ein representant som er med i eit løypelag som er oppretta. Løypelaget har god kontakt med både Brokke Aktivitet AS og løypekøyrar, slik at me sikrar best muleg løyper.