RYSSTAD TURPARK

Rysstad Turpark ligg i eit område med eldgamle tradisjonar. Tømmer og vedhogst med enkle reiskap, maling av korn(bygg) på fossekvern og frodige beite er noko av du ville opplevd om du hadde tatt turen i Rysstad Turpark for over 50 år sidan.

Turen starter på grusvegen/heievegen opp til Rysstadåsen og følger den ca. 50 m, då tek du av mot høgre og inn på stien i skogen. Stien følger elva, Kvearåni, eit lite stykke til du kjem til ei bru som tek deg over til andre sida. På turen er det fleire stoppesteder med benker til å kvile seg på og etter ca.1 km ligger det et kvernhus.
Heile turen går langs sti/og eller traktorveg og er lett tilgjengelig med gode sko. Mot slutten er det ein litt bratt stigning, som får pulsen til å slå litt ekstra.

 

Sjekk turen på ut.no