KVERNHUSVEGEN

- ein flott tur i kultur

Kvernhusvegen ligg sentralt i Valle. Turstien er 4,2 km lang og på turen får du rike natur- og kulturopplevingar. Startpunktet er Valle skule. Her er det ein informasjonstavle og stor parkeringsplass for dei som kjem med bil.

Det fyrste du møter, er Kvernhusmiljøet på Harstad. Her finn du 5 godt bevarte kvernhus og tufter etter fleire. Dei ligg langs elva Gryte. Her ligg òg andre godt bevarte bruksbygningar som t.d. smie, badstoger og ein stall.

Turstien fortsetter oppover lia gjennom skogen til Tveitetunet. Undervegs har du stadig utsyn over Setesdal. Tveitetunet er ein del av Setesdalsmuseet. Tveitetunet var bustaden til bonde og lensmann Olav Knutsson Tveiten (1758-1837). Han blei valt til å møte på riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Frå Tveitetunet går turstien opp til Brottveit. Her har du ein fantastisk utsikt over Vallebygda. Du er no på det høgste punktet for turstien – om lag 480 moh.

Frå Brottveit fylgjer du den gamle Stavdalsvegen, som var heievegen for vallebøndene. Det går nok mange stiar også andre stader i den bratte lia, men med Stavdalsvegen, som vart bygd som naudsarbeid i 1930? åra gjekk det an å køyre med hest og hjulkjerre like til støylsområda i Stavdalen. Undervegs kjem du til fleire grinder: Dei er til for at ikkje sauene skal ta ut. Det er veldig viktig at du ikkje let grinder stå opne. Vi har laga gjerdeklyv som gjer det enkelt å kome over stengsla utan å nytte grinda. Vi tek med ei oppmoding frå dei som driv gardsbruka:

Til deg som Stavdalsvegen fere
ei liti greie eg bed deg gjere.
Lat atte grindi det er mi bøn
av slurveskap fær ein ikkje løn.

Ferda går vidare forbi gardsbruka i Rike. Her fylgjer du den gamle riksvegen sørover til parkeringsplassen. Vi ber deg om hjelp til å halde naturen rein, og minner til slutt om at hundar skal haldast i band. Takk for hjelpa. Vi håper du får ein fin tur.

Setesdalsmuseet
I 1969 overtok museet gardstun med bygningar og 10 mål jord på Nordigard Tveiten. Området er seinare blitt kalla Tveitetunet. Garden var i si tid bustad for lensmann og eidsvollmann Olav Knutsson Tveiten (1758-1837), og vart i han stid brukt både som tingstad og arrest.
Olav Knutsson Tveiten er ein mann det er knytta mange soger til han. Det heiter at han erta ein av kongens menn då dei var på Eidsvoll, ein som dei kalla Famulus. På Eidsvolltunet var det så søylete, og dei hadde lagt ut plankar til å gå på mellom husa. Så møttest Olav og denne Famulus på plankane, og ingen av dei ville vike. “Makti lyt gjelde”, sa Olav, treiv den andre i skuldrane, og løfta han ut i søyla.

 

Sjekk turen på ut.no