GLOPPEFOSS

Gloppefoss, med eit fall på 280 meter er Gloppefoss Setesdals høgaste foss.

Stien er lett å følge då den første delen er traktor veg. Den går vidare på lett gått sti. Du må passere elva frå fossen to gonger, den første er på ei vintersikra bru. Den andre gongen må du krysse bekken på flate steinar lagt på tvers av bekken. Begge disse kryssingane går lett dersom du unngår tida etter den verste snø smeltinga.

Turen passar perfekt for en vennegjeng som ønsker ein sosial utflukt. Også små barn vil trivast på denne turen då det er eit rikt dyreliv og mykje spanande å sjå i området. Her er faktisk muligheitene til å sjå elg i løpet av dagen, store.
Elles går turen i flotte omgjevnadar med høge fjell på den eine sida og bekk med gamal vegetasjon på andre sidan. Dette er absolutt ein tur å anbefale for alle dei som ynskjer ein tur med flotte natur
opplevingar.
Fossen i seg sjølv er eit syn med sitt høge fall og høge fjell i bakgrunnen.

Ca. 3 timar tur / retur

Sjekk turen på ut.no