Kun to timar fra sørlandskysten

EINANG

-utsiktstur i Valle

Eit gamalt segn fortel at om sju brør gifter seg med sju systre vil fjellet rase ned.

Einang er ein karakteristisk fjellformasjon nord for Valle og rett opp fra RV9. Eit gamalt segn fortel at om sju brør gifter seg med sju systre vil
fjellet rase ned.

Turen opp går på grusveg omlag halve vegen, deretter på sti. Det er nokre bratte parti undervegs, men turen er godt eigna for heile familien. Frå toppen er det fantastisk utsyn både nordover og sørover dalen.
Det er felles løype med Homfjellet nesten heile vegen. Det er retur same veg som opp og heile turen er 3,4 kilometer og tar om lag ein time.

Adkomst: Frå Valle sentrum køyrer du RV9 nordover i retning Hovden. Når du passerer vegstasjonen skal du, etter 50 meter, kome til ein slak sving kor det går ein veg til høgre og venstre. Her må du parkere på venstre side av vegen.

Kommer du frå nord er det parkering på høgre side, ca 5 minutter etter at du har passert Flateland Camping, midt i en slak venstresving.

Frå vegen er det skilta og merka opp til Einang og vidare til Homfjell.

Tidsbruk: 1 time
Lengde: 3,4 km tur-retur

Sjekk turen på ut.no