Sølvgarden Hotell og Feriesenter AS

T: 37 93 61 30
W: solvgarden.no

Sølvgarden ligg i idylliske Setesdal blant fossar og fjell. Her kan du slappe av i rolege omgjevnader, nyte flott natur, oppleve kultur og tradisjonar.

Sølvgarden ligg midt i Setesdal med kort veg til attraksjonar og aktivitetar. Det er ca. 10 min med bil til skieventyret i Brokke, og unike ruter for fjell- og isklatring. På Rysstad finn du mange turløyper for fot-, fiske- og sykkelturar.

Vi tilbyr lyse og moderne rom med fri tilgang til internett, og TV på alle rom. Restauranten er open kvar dag, og serverer dagleg ein rikhaldig meny, frå det enkle til full à la carte meny. Vi legg stor vekt på mattradisjonar og lokal mat. Vi har alle rettigheiter. I den varme årstid er det mange som har uterestauranten – Smedens Terrasse – som sin favoritt. Hos oss finner du gode lokalitetar for møte, kurs og konferansar med alt nødvendig utstyr. Og flotte selskapslokaler til ei kvar anledning. Sylvsmedverkstaden vår vart i dag drive av 3. generasjon i familien med tilhøyrande utsal og gåvebutikk – Sylvbui.