Kallefoss Hyttepark er ein liten familiedrevet hyttepark i Valle, hjarta i det naturskjønne og kulturrike Setesdal. Her finn du  7 nyrenoverte hytter liggjande i fantastisk natur, berre nokre få meter frå elva Otra. I elva finn du fine badeplassar og gode fiskemoglegheiter på sumaren.

Alle hyttene har adgang til nytt felles sanitær- og kjøkkenanlegg med høy standard. Hyttene er ikkje individuelt utstyrt med kjøkkenutstyr, men du kan låne det du treng av kjøkkenutstyr frå felles kjøkken. Det er dyner og puter i hyttene. Sengetøy tek du med sjølv eller kan leigast  for kr 75 pr. sengesett.

Hytte 1-6 er bygget i reisverk og er 16 kvm store. Dei har 4 sengeplasser i køyesenger, spisebord med stolar og kjøkkenkrok med kjøleskap og kokeplater.

Hytte 7 er bygget i laft og er 21 kvm stor. Hytta har 2 stk. 130 cm senger, spisebord med 4 stolar, sofa med bord og kjøkkenkrok.

Kontakt Kallefoss Hyttepark