Camping i vakre omgjevnader!

Brokkestøylen

På Brokkestøylen kan du setje opp telt, plassere bubilen, eller leige ei av campinghyttene. I kaféen serverer dei mat med fokus på sunne, kortreiste råvarer og orignalitet.

Brokkestøylen er ein koseleg støyl som ligg midt mellom hyttefelta i Brokke.
Mange tek turen innom for å smake på spesialiteten deira, setervaffel med heimelaga syltetøy, rjome og lammekjøtt frå Heimigard (lokal produksjon). Ein ypperleg plass å kvile etter ein skitur eller fjelltur i umiddelbar nærleik.

Brokkestøylen har 2 utleige hytter med enkel standard og santitærfasiliteter i låven, desse er tilgjengeleg for utleige heile året.
Det er ei hytte med tre sengeplasser og den andre med fire sengeplasser, hyttene har kjøleskap og vannkoker.
Sommerstid er det god plass for å setje opp telt og parkere med bubilen din, i dei vakreste omgjevnader!

Ta kontakt for prisar og booking.

Brokkestøylen skreddarsyr alle typer arrangement for små og store grupper, privat eller bedrifter. Dei arrangerer kurs og toppturer i nærområdet gjennom heile året.

Opningstider:

Frå 26 juni- 1 august 2018
Tysdag- sundag: kl. 11.00- 18.00

VELKOMEN TIL BROKKESTØYLEN!

Kontaktinformasjon

  • Bratt Friluftsliv E-post: erik.b@brattfriluft.no
    Telefon: +4793084020